Bygd møter by.
Folk møter folk.

Hekta er eit handverksbakeri og gardsmatutsal på Sinnes i øvre Sirdal. I baksten nyttar me surdeig og lang hevetid, og ønsket vårt er enkelt – å skape ein stad der folk har lyst til å møtast.

Hyllene våre er fylte med lokale produkt og små historier. Her finn du råvarer og smakar frå Sirdal og omegn – laga med tid, kunnskap og kjærleik til faget.

Smakar med røter

Vite meir?

Hos Hekta får deigen tid til å utvikla seg. Me bakar med surdeig, brukar gode råvarer og fyller hyllene med smakar frå Sirdal og omegn.

Handverk tek tid

Vite meir?

Enten du treng nistepakker til turgruppa, lunsj til bedrifta eller mat til familien og dei store anledningane, tilpassar me bestillinga etter behov.

Catering til alle anledninger

Send bestilling

“Dei beste bollane, rykande ferskt brød og ei stemning som gjer at du har lyst til å bli verande.”