HISTORIEN om hekta

Hekta er resultatet av to bydamer som fant seg kvar sin bondesøn ifrå Sirdal. Livet på bygda vart nydeleg - men samstundes kunne ein sakna ein kafè med skikkeleg god mat, god kaffi og ein møtestad for lokale og tilreisande. I tillegg hadde dei beggje kreative hender som lengta etter å skapa. 

På GP, den 1.juli 2021, møttes dei to på den lokale butikken og drøsa om framtidsplanar. Dette blei starten på eit nydeleg partnerskap og venskap, og 20 månader seinare, den 18.mars 2023 kunne dei opna den stova dei sjølv hadde lengta etter, med rykande fersk og ærleg bakst i eit rom som hedrar den Sirdalske kulturen. Ei stove der folk møter folk og bygd møter by.

No lever me draumen, med verdas beste team i ryggjen og me jobbar framleis mot nye mål. Men mest av alt elskar me å baka og å treffa dei finaste kundane  - kvar dag.

Attende til mormors kjøken

Ærlege i alle ledd - det er greia vår. Og det gjeld også maten du får servert hos oss. I ei verd der alt skal gå kjapt og gje likt resultat kvar gong, har me bestemt oss for å spela på lag med tida, naturlege prossessar og kunnskap. Me tenkjer slik at det me bakar skal ha ingrediensane tippoldeforeldra våre kunne forstått og hatt tilgang på. “Å komma til hekta vart som å komma att til mormor sitt kjøken”. Dette er noko det beste me kan høyra, da me søkjer attende til dei gamle tradisjonane, med kort avstand frå jord til fat. 

Me har eit brennande ønskje om å hedra dei som har gått før oss. Kunnskap om mat og anna handverk er ei viktig kulturarv, og det må gjeras for å vernas. Difor nyttar med ledige stundar til å samla gamle oppskrifter, lera oss tradisjonsbakst og pynta kafeen vår med tradisjonell kunst og redskaper.


Frå jord til bord

Har du, som forbrukar, kjent på ei kjensle av å ikkje vita kva som er sunn og bærekrafteg mat i butikken? Det har me, og me har brukt mykje tid på å få kjennskap til dei gode vala for kropp og verd. Me har konkludert med at lokal, reinast mogleg mat ifrå produsentar me har kjennskap til, er det beste valet. Der me kan, nyttar me lokale varar. Maten me sjølv lagar, og maten me sel i gardsbutikken skal ha reist kortast mogleg. 

Nærleik til bonden er viktig for oss. Ei av oss deler til og med seng med ein av dei! Og kvar morgen står han klar med rykande fersk mjølk som tas med til bakeriet. Dette blir det gode bollar av! 

hektadamene

hektagjengen

Me har den beste gjengen som arbeider hos oss. Det er dei som er med på å gjera Hekta til Hekta.

Dei står klar til å ta godt i mot dykk, med eit kjempesmil, kver einaste dag.

  • Rebekka

  • Olena

  • Eline

  • Johanna

  • Karlis

  • Ingvild

  • Åsne

  • KATE

  • Hermine

  • Maria